SuWt 2 er ei planetarisk tåka som ligg rundt 6500 lysår unna jorda i stjernebiletet Kentauren. Den kvite dvergen som gjev energi i form av ultrafiolett stråling til tåka er enno ikkje funnen. I staden er det i midten av tåka funne eit binærstjernesystem samansett av to spektralklasse A-stjerner, som ikkje sender ut energirik nok stråling til å ionisera tåka.
mini|venstre|Slik tenkjer astronomar at utviklinga til trippelsystemet gjekk føre seg.
Astronomar tenkjer seg at dei tre stjernene i tåka blei fødde samstundes, der den eine var meir massiv enn dei to andre som krinsa rundt ein annan. Den tyngre stjerna utvikla seg raskast og blei etter kvart til ei raud kjempa som kasta av seg dei ytra laga av materie, materie som seinare kunne bli til ei planetarisk tåka.
Kjelder
Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2008-21: «White Dwarf Lost in Planetary Nebula» frå Space Telescope Science Institute.
Kategori:Planetariske tåker Kategori:Kentauren