Marokko, offisielt Kongeriket Marokko, er eit nordafrikansk kongedøme. Det har kyst mot Atlanterhavet, Gibraltarsundet og Middelhavet, og grensar til Algerie i aust, Vest-Sahara i sør, og Spania i nord gjennom fleire små eksklavar. Marokko har annektert størstedelen av Vest-Sahara sidan 1975, og administrerer området, sjølv om dette ikkje er internasjonalt godkjend.

mini|venstre|Kart over Marokko utan det omstridde Vest-Sahara.

Namn Det arabiske namnet på landet tyder 'det vestlege kongedømet', og blir ofte forkorta til Al Maghrib, 'Vesten'. Namnet Marokko, som blir brukt på dei fleste andre språk, er avleia av namnet på den tidlegare hovudstaden Marrakech.

Det fullstendige arabiske namnet på landet betyr ‘det vestlege kongedømmet’. Al-Maghrib (المغرب, som betyr ‘vesten’) er vanleg å bruka omlandet. I historiske referansar pleidde historikarar å referera til Marokko som al-Maghrib al-’Aqṣā (المغرب الاقصى, ‘lengst i vest’) for å skilja landet frå den historiske regionen kalla Maghreb. Namnet «Marokko» stammar i mange andre språk frå namnet til den tidlegare hovudstaden, Marrakech (مراكش – darija: Mærræksh, klassisk Murrākush, tamazight og tasjelhit Murakush), avleidd frå eldre berbisk «Amur n Akush», som betyr ‘Guds land’.

Geografi mini|venstre|Satellittbilete av Marokko frå 2002

Marokko grensar til Algerie i aust og søraust, men grensa mellom dei to landa har vore stengd sidan 1994.

Det grensar til Spania ved dei fire spanske eksklavane på den afrikanske middelhavskysten: Ceuta, Melilla, Peñón de Vélez de la Gomera og Peñón de Alhucemas, i tillegg til fleire øyar, inkludert Perejil og Chafarinas. Utanfor Atlanterhavskysten tilhøyrer Kanariøyane Spania, medan Madeira i nord er portugisisk. I nord grensar Marokko til og kontrollerer delar av Gibraltarsundet, noko som gir landet makt over vatnveia inn og ut av Middelhavet. Riffjella dominerer regionen som grensar til Middelhavet frå nordvest til nordaust og Atlasfjella går som ein ryggrad frå sørvest til nordaust. Det meste av folkesetnaden bur nord for desse fjella, medan ørkenen ligg sør for dei. Det meste av den søraustlege delen av landet er del av Sahara-ørkenen og er dermed tynt folkesett og ikkje produktiv økonomisk sett. I sør ligg Vest-Sahara, ein tidlegare spansk koloni som blei okkupert av Marokko i 1975. Marokko hevdar at Vest-Sahara er del av territoriet sitt og refererer til det som dei sørlege provinsane. Dette er likevel ikkje anerkjent av FN, og Vest-Sahara er eit omstridt territorium.

Marokko omfattar mange ulike naturmiljø. Landet dannar ein geologisk overgangssone mellom slettelandet i Afrika og det alpine fjellsystemet. Mesteparten av den søraustlege delen av landet ligg i Sahara og er goldt og har få innbyggjarar. Fjell dekker store delar av Marokko. Dei sentrale delane av massiva består av krystallinske grunnfjellsbergartar, medan dei yngre foldingsbergartane mest er frå jura og krit, til dels med basaltdekke mellom laga. I senkingane ligg tertiære og kvartære avleiringar, mellom anna fosfatleire.

Fjellkjeda Midtre Atlas (Moyen Atlas), flankert av elva Oum er-Rebia som renn mot Atlanterhavet, og av Moulouya som renn mot Middelhavet, hevar seg til over 3000 moh. I sørvest glir ho saman med Høge Atlas (Haut Atlas), som i Jabal Toubkal når 4165 moh, det høgaste fjellet i Marokko. Sør for desse fjella, avbrote av ein senkingssone, ligg Antiatlasfjella. Fjella når ca. 2500 moh, men liknar meir på eit platåland enn ei fjellkjede. Sørskråningene er golde og strekkjer seg ut mot den ofte tørrlagde elva Oued Drâa. I nord går dei ca. 2000 m høge Riffjella i ein boge av høge fjellryggar og breie dalar parallelt med den bratte kysten, frå Tanger i vest nesten til Melilla i aust. Fjella fell sørover mot den trekantede Sebousletta som dannar eit alluvialt lågland. Det lågaste punktet i landet er Sebkha Tah (55 muh.). Fjella i nord er geologisk ustabile slik at jordskjelv kan skje. Både Riffjella i nord og Atlasfjella midt i landet er hovudsakleg folkesette av berbarar.

Det vestlege Marokko, som strekkjer seg frå Mellom- og Høge Atlas til Atlanterhavet, består for det meste av eit 400–700 m høgt platå (Marokkanske Meseta) gjennomskore av elvedaler. Langs Atlanterhavet ligg ei smal kystslette, som er breiast sør for Casablanca.

Større miljøproblem er mangel på ferskvatn, erosjon på grunn av minkande vegetasjon, og oljeureiningar i havet.

Hovudstaden i landet er Rabat, medan Casablanca er største byen. Andre viktige byar er Agadir, Essaouira, Fez, Marrakech, Meknès, Oujda, Ouarzazat, Safi, Salé, Tanger, Tétouan, Tiznit og Tan-Tan.

Tissint-meteorittane I juli 2011 vart Tissint råka av eit meteoritt-regn med steinar på opptil ein kilo.

Klima Den nordlege kysten har middelhavsklima med solrike og varme somrar, og kjølige og fuktige vintrar. Mykje det same klimaet har ein innover i landet til foten av Atlasfjella, og langs kysten av Atlanterhavet. Atlanterhavskysten er faktisk enno meir temperert med mildare vintrar og mindre nedbør, og litt kjøligare somrar når havtåke sig inn mot land. På den andre sida av Atlasfjella ligg derimot Sahara som er tørr og svært varm. Kystområda av Marokko har ein normal maksimumstemperatur på 26 °C i juli, men når ein sørleg og støvete vind, kalla chergui, strøymer over fjella frå Sahara kan temperaturen kome opp mot 45 °C. Dei høgare områda av Atlasfjella kan derimot ha vinterlege forhold med snø og kraftig vind.

Historie

mini|Statue av Okba ibn Nafi i Algerie. Området til dagens Marokko har vore folkesett sidan yngre steinalder. Capsienkulturen utvikla seg i området rundt 8000 f.Kr., då Marokko var mykje meir fruktbart enn no. Den eldste folkegruppa i området ein kjenner til er berbarar. Mange teoretikarar meiner berbarspråka truleg kom til på omtrent same tid som jordbruket og blei overtekne av den eksisterande befolkninga i lag med innvandrarane som tok det med seg. Moderne genetiske analysar har stadfesta at ulike befolkningar har bidrege til dagens befolkning, inkludert berbarar, arabarar, fønikarar, sefardiske jødar og subsahariske afrikanarar. Berbarane (amazigh) er også kjende av den regionale etniske identiteten deira som chleuh. I den klassiske perioden var Marokko kjent som Mauretania, sjølv om dette ikkje må forvekslast med dagens Mauritania.

Nord-Afrika og Marokko blei sakte trekt inn i den vidare oppovergåande middelhavsverda gjennom fønikiske handelskoloniar og busetjingar i den seine klassiske perioden. Sjøreisande fønikarar busette seg ved kysten før romarane tok kontroll over området som Mauretania Tingitana. Tilkomsten til fønikarane markerte byrjinga på eit langt engasjement i Middelhavet, og etterkvart blei denne strategiske regionen del av Romarriket som Mauretania Tingitana. På 400-talet, då Romarriket var i ferd med å gå i oppløysing, fall regionen til vandalane, vestgotarane og bysantinske grekarar i rask rekkjefølgje. I løpet av denne tida heldt høgfjella i det meste av dagens Marokko fram med å vera uavhengige og blei verande i hendene til dei berbiske innbyggjarane sine.

På 600-talet blei landet erobra av muslimske arabarar som har prega kulturen sidan. I 670 erobra Okba ibn Nafi den nordafrikanske kyststripa på vegner av det omajadiske kalifatet i Damaskus. Dei fleste berbarane konverterte til islam og danna statar som kongedømmet Nekor. Landet braut snart med kontrollen til dei fjerne abbaside-kalifane under Idris ibn Abdallah, som grunnla Idrisid-dynastiet. Marokko blei eit senter for læring og ein stor regional maktfaktor. venstre|mini|Marokko under almoravidane.

Marokko braut laus frå kalifatet i Bagdad under Idris ibn Salih som grunnla idrisidedynastiet. Landet blei ei stormakt og eit kulturelt senter, men blei etter kvart svekka av indre splid, samstundes som europeiske makter og Det osmanske riket trua utanfrå.

Marokko nådde høgda si under ein serie dynasti av berbisk opphav som erstatta dei arabiske idrisidane. Fyrst almoravidene og så almohadane styrte frå Marokko nesten heile det nordvestlege Afrika i tillegg til store delar av det islamske Iberia, eller Andalucía. Mindre statar i regionen, som Berghouata og Banu Isam, blei erobra. Imperiet braut saman etter ei lang rekkje borgarkrigar.

Alaouite-dynastiet fekk til slutt kontroll. Marokko stod overfor spansk og ottomansk aggresjon. Alaouitane lukkast i å stabilisera posisjonen sin, og medan kongedømmet var mindre enn dei føregåande i regionen, blei det verande ganske velståande. I 1684 annekterte det Tanger.

Marokko var den fyrste nasjonen som anerkjende det nyleg danna USA som ein sjølvstendig stat i 1777. Den marokkansk-amerikanske vennskapstraktaten står framleis som den eldste ubrotne vennskapstrakten til USA. Han blei signert av John Adams og Thomas Jefferson og har blitt vidareført utan avbrot sidan 1783. Den amerikanske delegasjonen (konsulatet) i Tanger er den første eigedomen den amerikanske regjeringa har eigd utanfor sitt eige land. Bygningen husar no Tangier American Legation Museum.

Vellukka portugisisk forsøk på å kontrollera Atlanterhavskysten på 1400-talet hadde ikkje særleg innverknad på det middelhavsorienterte hjartet av Marokko. Etter Napoleonskrigane blei Egypt og det nordafrikanske Maghreb i aukande grad uregjerlege frå Konstantinopel. Området blei òg ein gøymestad for piratar under lokale beyar, og etterkvart som Europa blei industrialisert blei det i aukande grad sett på som eit verdifullt område for kolonisering. Maghreb hadde vist større velstand enn den ukjente delen av Afrika, og hadde ein strategisk viktig posisjon som hadde innverknad på utgangen av Middelhavet. For fyrste gong blei Marokko ein stat av interesse for dei europeiske maktene. Frankrike viste sterk interesse for Marokko så tidleg som i 1830. Britisk anerkjenning i 1904 av Frankrike sin innverknadssfære i Marokko framprovoserte ein tysk reaksjon. Krisa i juni 1905 blei løyst ved Algeciras-konferansen i Spania i 1906, som formaliserte Frankrike si «spesielle stilling» og delte Marokko politisk til Frankrike og Spania.

Landet blei frivillig eit protektorat i 1912 då sultan Abdelhafid gav Frankrike overherredøme over riket, samstundes som Spania fekk herredømet over Tanger. Etter lang tids kamp fekk landet sjølvstende i 1956, og Tanger blei igjen innlemma i riket. Ei andre marokkansk krise framprovosert av Berlin auka spenninga mellom dei europeiske stormaktene. Fez-traktaten (underskriven 30. mars 1912) gjorde Marokko til eit fransk protektorat. I den same avtalen overtok Spania rolla som vernar av dei nordlege og sørlege sahariske sonene den 27. november same året.

Mange marokkanske soldatar (goumiar) som tente i den franske hæren hjelpte europeiske og amerikanske troppar både i fyrste og andre verdskrigen.

Nasjonale politiske parti som oppstod i fotspora til det franske protektoratet, baserte argumenta sine for marokkansk sjølvstande på erklæringar frå andre verdskrigen som Atlanterhavserklæringa, ei felles amerikansk-britisk fråsegn som fremja blant anna folk sin rett til å velja styreforma dei skulle leva under. Manifestet til Istiqlal-partiet (sjølvstendepartiet) i 1944 var eit av dei tidlegaste offentlege krava om sjølvstende. Partiet stod seinare for det meste av leiarskapen av den etterfølgjande nasjonalistrørsla.