Wikinews var ein open nyhendeportal der alle kan bidra til – og nytte – informasjonen som vert lagt ut, prosjektet er underlagt Wikimedia Foundation. Målet med Wikinews er å skape eit miljø der enkeltmenneske og «grasrotjournalistar» kan skrive uavhengige rapportar og artiklar om alt som foregår innan deira interessesfære.

Historie

I november 2004 vart det etablert ein demonstrasjonswiki for å vise at ein open nyhendeportal, der alle kan bidra er mogeleg. Prosjektet vart sparka i gang og støtta av Wikimedia Foundation. I desember 2004 vart ein engelsk og tysk versjon av nyhendeportalen publiserte i dei første betaversjonane. I januar og februar 2005 dukka det opp portalar på nederlandsk, fransk, spansk, bulgarsk, polsk, portugisisk, rumensk og svensk.

28. juni 2025 gjekk Wikimedia Foundation sitt Sister Projects Task Force gjennom eit forslag om å stenga Wikinews etter ein tre månadar lang konsultasjonsperiode."Public consultation about Wikinews", Wikimedia Meta-Wiki, Wikimedia Foundation.

30. mars 2026 blei det kunngjord av WMF at Wikinews kom til å stengast og bl arkivert som ein lesbar versjon frå 4. mai.

Norsk Wikinews Den 11. januar 2006 vart Wikinytt oppretta som Wikinews-portalen på norsk. I Wikinytt kan ein leggja inn artiklar på nynorsk eller bokmål. Det vart ei tid òg diskutert om ein skulle oppretta ein felles skandinavisk portal i staden for at kvart språk fekk sin eigen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Wikinewsportalar Wikinews: Fleirspråkleg portal Svensk Wikinews Engelsk Wikinews Spansk Wikinews Fransk Wikinews Tysk Wikinews Nederlandsk Wikinews

Kategori:Wikimedia Kategori:Nyhende Kategori:Aviser Kategori:Skipingar i 2004