Carl-Ivar Hagen, kjend som Carl I. Hagen, () er ein norsk politikar. Han var formann i Framstegspartiet frå 1978 til 2006. I dag er han visepresident på Stortinget og han sit også i ulike stortingskomitéar. Den 30. april 2008 vart det kjent at Carl I. Hagen kjem til å trekkje seg frå poltikken, og at han ikkje tek attval til Stortinget for neste periode.
I 1974 var Hagen ein del av Reformpartiet som braut ut av Anders Langes parti, som seinare vart til Framstegspartiet. Då Reformpartiet gjekk inn att i Frp året etter, tok det ikkje lang tid før Hagen tok over styringa av partiet. Carl I. Hagen stod for ein mindre ytterleggåande liberalistisk økonomisk politikk enn Anders Lange sjølv.
Han er gift med Eli Hagen.
Folkevalde verv Stortinget 1974–1975: Stortingsrepresentant for Reformpartiet 1975–1977: Stortingsrepresentant for Framstegspartiet 1981– : Stortingsrepresentant for Framstegspartiet
Oslo bystyre 1979–1982: Medlem av Oslo bystyre for Framstegspartiet 1987–1991: Medlem av Oslo Bystyre for Framstegspartiet 1995–1999: Medlem av Oslo Bystyre for Framstegspartiet
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:FrP-politikarar i Oslo Kategori:Leiarar for Framstegspartiet Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar