Berezniki (russisk Березники́) er ein by i Perm kraj i Russland. Han ligg ved elva Kama, rundt 160 km nord for Perm. Byen har om lag 130 000 innbyggjarar og er med det den nest største byen i Perm kraj.

Han vart grunnlagt i 1932 under den raske veksten til sovjetisk industri under Josef Stalin. Namnet Berezniki kjem frå ein bjørkeskog som låg der byen ligg i dag.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 fall innbyggjartalet i byen frå 220 000 til rundt 190 000 på grunn av aukande arbeidsløyse. Men dei viktigaste industriane i byen klarte likevel å halde seg på sporet. I byen ligg kjemisk industri som titan- og natriumfabrikkar, og fleire store kaliumkarbonat-gruver er i drift rundt Berezniki.

Sjølv om industriverksemdene forureiner ganske kraftig, så er naturmiljøet rundt byen vakkert og unikt på mange måtar. Det er vanleg at ville dyr kryssar gater i utkanten av byen. Skogar og innsjøar er enno reine og fredelege. Mange naturelskarar frå heile Russland kjem hit for vandreturar og ekspedisjonar.

Den første presidenten i Russland, Boris Jeltsin, budde og gjekk på skule i Berezniki.

Berezniki lufthamn ligg 20 km nord for byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Berezniki» frå , den 25. desember 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1932