Charles Greeley Abbot () var ein amerikansk astronom som spesialiserte seg på solstråling og effekten hennar på klimaet til jorda. Han var direktør ved Smithsonian Astrophysical Observatory frå 1907. Abbot vart fødd i Wilton, New Hampshire.
Han gjorde ein særs nøyaktig fastsetjing av solkonstanten, sette saman det første nøyaktige kartet over sola sitt infraraude spekter og studerte varmeeffekten til solkoronaen. Abbot var òg med å utvikla designet til Mount Wilson Solar Observatory sitt 19 meters vertikale solteleskop.
Kjelder
Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Abbot, Charles Greeley» s. 1 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Folk frå New Hampshire