Risto Laakkonen () er ein finsk tidlegare skihoppar.
Laakkonen debuterte i verdscupen i 1986 i Harrachov med ein åttandeplass. Dei neste åra høyrde til han verdstoppen, og i 1988 og 1989 vann han verdscuprenn i Thunder Bay i Canada.
Vinteren 1988/89 gjekk han til topps samanlagt i den prestisjetunge hoppveka. Den same sesongen oppnådde han òg si beste samanlagtplassering i verdscupen – han blei nummer sju.
Under VM 1989 i Lahti blei Laakkonen verdsmeister i laghopping, og kom på andre plass under VM 1991 i Val di Fiemme. Under OL 1992 tok han òg gull i laghoppinga. Etter OL-sesongen la han opp.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Risto Laakkonen» frå , den 31. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1989 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1991