Kovrov (russisk Ковро́в) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 130 000 innbyggjarar. Han ligg på høgresida av elva Kljazma, rundt 60 km aust for Vladimir.
Historie Byen var frå 1100-talet og gjennom mellomalderen overskugga av den nærliggande Starodub-na-Kljazme, men Kovrov fekk omsider byrettar i 1778. På 1700-talet vart det etablert tekstilfabrikkar i Kovrov og med bygginga av jernbanen mellom Moskva og Nizjnij Novgorod, som er ein av dei eldste i Russland, kom ein økonomisk oppsving. Den store industrialiseringa følgde først i den kommunistiske epoken.
Økonomi og næringsliv Byen er eit større senter for forsvarsindustrien i Russland, med hovudvekt innan mekaniske konstruksjonar, metallhandsaming, tekstil- og lettindustri, samt bygningsindustri.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kovrov» frå , den 1. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet