Norilsk (russisk Норильск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 175 000 innbyggjarar. Han er den nordlegaste byen i verda med meir enn 100 000 innbyggjarar. Byen har òg ein av dei største førekomstane av nikkel i verda og vart grunnlagd i 1935.

MMC Norilsk Nikel er eigarane av nikkelførekomstane, og ei hjørnesteinsbedrift i byen. Dette er det same firmaet som eig smelteverket i Nikel ved grensa til Noreg. På grunn av at malmen frå Norilskgruvene er særs urein, har dette ført til at byen er rekna som ein av dei mest forureina i verda. I følgje enkelte estimat kan så mykje som 1 % av all utslepp av svoveldioksid kome frå denne byen. Jordsmonnet ved byen er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstane av platina og palladium frå jorda. (krever innlogging).

Norilsk er ein lukka by for utlendingar (bortsett frå belarusarar).

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1935 Kategori:Lukka byar