Novyj Urengoj (russisk Но́вый Уренго́й) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg rundt 450 km aust for Salekhard. I folketeljinga i 2002 hadde han 94 456 og den store auken fram til 2007 skuldast at to nærliggande busetjingar vart slått saman med Novyj Urengoj i 2004.
Den største verksemda i byen er utvinning av olje og gass, med eit av dei største gassfelta i verda i området og gode utsikter til framtidige funn. Gassproduksjonen i området vert drive i regi av det statlege russiske gasselskapet Gazprom.
Byen er endepunkt for jernbanen Tjumen-Novyj Urengoj. Novyj Urengoj lufthamn ligg 4 km sørvest for byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1973