Georgijevsk (russisk Гео́ргиевск) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Podkumok, ei sideelv til Kuma, rundt 150 km søraust for Stavropol.

Historie Busetnaden vart grunnlagt i september 1777 som St. Georg festning langs forsvarslinja Azov-Mozdok. I 1783 vart Georgijevsk-traktaten mellom Det russiske imperiet og Georgia underteikna her. Han fekk bystatus i 1786 og voks så kraftig. Etter 1802 vart han senter i eit kaukasisk gubernija. Tidleg på 1800-talet var byen òg eit handelssenter, men frå 1822 vart byen mindre viktig.

Etter 1868 var Georgijevsk ein liten by i Tersk gubernija. I 1875,vart det bygd ein jernbanestasjon seks kilometer unna i Nezlobnaja. Dette førte til at byen igjen starta å vekse. I 1894 vart det første jernverket i byen grunnlagd. Dette var starten på ArZiL, den største verksemda i byen. I 1900 vart det oppretta eit slaktehus og ei oljemølle. I 1920-åra vart Georgijevsk det største industri- og handelssenteret i Predkavkazie, den sentrale delen av Nord-Kaukasus.

Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyskarane frå 9. august 1942 til 10. januar 1943. Etter krigen vart Georgijevsk det største senteret for maskinbygging i Stavropol kraj.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Georgiyevsk» frå , den 11. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1777