Herbjørg er eit kvinnenamn, av norrønt Herbjǫrg. Namnet er samansett av ledda 'hær' og 'berging, vern'. Eit nærskyld namn med same opphav er Herborg.
Herbjørg har i Noreg namnedag 14. januar.
Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga frå 1801 var denne namneforma ikkje registrert. I 1900 var 8 listeførte med namnet Herbjørg, flest i Nordland. Ei hadde namnet Herbørg. I 2008 hadde 167 kvinner Herbjørg til første fornamn.
Kjende namneberarar Herbjørg Wassmo (f. 1942), norsk forfattar
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav
Kategori:Namn knytte til strid Kategori:Namn knytte til vern