Klimovsk (russisk Кли́мовск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 55 km sør for Moskva.

Klimovsk vart grunnlagt på første halvdel av 1800-talet som landsbyen Klimovka (russisk Кли́мовка). Han endra namn til Klimovsk i 1883, og fekk bystatus i 1940. Utviklinga av Klimovsk er nært knytt til historia til maskinfabrikken i byen. Jernbanen Moskva–Kursk passerte like ved landsbyen og dette gjorde det i 1882 mogeleg å skipe og bygge ein fabrikk for produksjon av reservedelar til veveri-maskinane som var nødvendige for bomullsfabrikkane i sentrale provinsar av Russland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Klimovsk» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1882