Magas (russisk Мага́с) er hovudstaden i Republikken Ingusjetia i Russland. Han ligg rundt 1500 km søraust for Moskva.
Byen vart grunnlagt i 1995 og erstatta Nazran som hovudstad i republikken i 2002. mini|venstre|Presidentpalasset i Ingusjetia. Republikken Ingusjetia vart eit eige føderasjonssubjekt i Russland i 1992, etter å ha vorte skilt ut frå den tidlegare sovjetrepublikken Tsjetsjenia-Ingusjetia. Nazran, den største av dei tre byane i den nye republikken, vart gjort til mellombels hovudstad, men eigna seg dårleg til formålet.
I 1995 grunnla derfor president Ruslan Ausjev den nye byen Magas berre nokre få kilometer sør for Nazran og kalla han opp etter mellomalderbyen Maghas. Den nye byen var meint å tene berre administrative formål. Presidentpalasset og regjeringsbygningen vart bygt i ein rik orientalsk stil og eit forretningsdistrikt er under oppføring. Ein reknar med at byen kan huse rundt 30 000 innbyggjarar i framtida.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magas» frå , den 18. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1995