Akhtubinsk (russisk Ахтубинск) er ein by i Astrakhan oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg 5 meter under havnivå, ved den vestlege elvebredda til Akhtuba, som er ei grein av Volga.

Akhtubinsk vart grunnlagt i 1959 ved at busetnadane Vladimirovka, Petropavlovskoje og Akhtuba vart slått saman. I byen ligg eit viktig støttepunkt for det russiske luftforsvaret og ein skule for testpilotar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Akhtubinsk» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1959 Kategori:Byar ved Volga