Hornindal kyrkje står på Kyrkhorne nordom Grodås sentrum i tidlegare Hornindal kommune (no Volda i Møre og Romsdal), og er ei tømra langkyrkje frå 1853.

Arkitekt for kyrkja, som har sitjeplassar til 400 personar, var kaptein Ludolph Rolfsen frå Stryn. Han støtte seg til typeteikning laga av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Mykje av inventaret er frå byggeåret.

Kyrkja er soknekyrkje i Hornindal sokn i Søre Sunnmøre prosti. Området høyrde fram til 1867 under Eid prestegjeld.

Altartavla Då kyrkja i Hornindal stod ferdig i 1856, vart det sett opp eit gylt trekors på altaret i påvente av altartavle. 75 år seinare var det ennå ikkje kome altartavle. I 1929 tok presten og prestefrua, Jon og Alhede Johnson, tak i saka. Prestefrua skipa Jentelag til kyrkja sin prydnad, og presten tok kontakt med kunstnaren Dagfin Werenskiold. Han hadde nyleg laga eit trerelieff som presten ville kopiere, og det fekk han.

Våren 1932 var Johnson ferdig med arbeidet sitt. Wernskiold kom til Hornindal for å ta seg av målinga av relieffen, men kunstnaren vart så imponert av det han fekk sjå at han tilbaud Hornindal originalen mot at han fekk kopien. Kopien vart seinare sett opp i Sørkedalen kyrkje.

Altartavla vart vigsla søndag 10. april 1932.Kleppa, Hermund (2008) Altartavla i Hornindal kyrkje. (cc-by-sa) Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. mini|venstre|Bilethoggaren Anders Svor er gravlagd ved Hornindal kyrkje.

Andre kyrkjer i Volda Austefjord kyrkje Bjørke kyrkje i Volda Dalsfjord kyrkje Volda kyrkje Kilsfjord kyrkje

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Hornindal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av Hornindal kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Hornindal kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Volda Kategori:Kyrkjer i Søre Sunnmøre prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1856 Kategori:Ludolph Rolfsen Kategori:Kulturminne i Volda