Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet og ligg i Vestland fylke. Isbreen dekkjer eit areal på 487 km² og ligg i kommunane Luster, Sogndal, Jølster og Stryn. Det høgaste fjellet nær breen er Lodalskåpa 2083 moh.
Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit areal på 1310 km².
Jostedalsbreen er ein temperert bre, som vil seie at det renn vatn under han og at breen ligg på trykksmeltepunktet. På grunn av dette eroderer han på underlaget og kan flytte på seg. Jostedalsbreen er den største fastlandsisen i Europa, med eit samla areal på over 480 km². Det høgaste punktet på breen er Høgste Breakulen på 1952 moh. Fleire brearmar går langt ned i dalane, m.a. Bøyabreen i Fjærland og Nigardsbreen, båe til om lag 300 moh. På det tjukkaste er breen om lag 600 meter tjukk. Jostedalsbreen strekkjer seg over eit stort platå i over 1600 moh. Jostedalsbreen har ei samanhengande lengd på vel 60 km og dekkjer nesten halvparten av nasjonalparken. mini|venstre|Jostedalsbreen, Lodalskåpa og Brenibba er dei høgaste nunataka på Jostedalsbreen.
Brearmar og utløparar Jostedalsbreen har mange brearmar. Frå nordaust og sørover er dei største: Austdalsbreen i Jostedalen Stigaholtbreen i Jostedalen Lodalsbreen og Småttene i Jostedalen Fåbergstølsbreen i Jostedalen Nigardsbreen i Jostedalen Tuftebreen i Krundalen i Jostedalen Baklibreen i Krundalen i Jostedalen Bergsetbreen i Krundalen i Jostedalen Vetledalsbreen i Krundalen i Jostedalen Tunsbergdalsbreen i Jostedalen Austerdalsbreen med Torsbreen, Odinsbreen og Lokebreen ved Veitastrond Langedalsbreen i Langedalen i Veitastrond Bjørnakyrkjebreen i Langedalen i Veitastrond Nystølsbreen i Langedalen i Veitastrond Vetle Supphellebreen i Fjærland Supphellebreen med Flatbreen i Fjærland Bøyabreen i Fjærland Vetlebreen i Fjærland Marabreen i Jølster Lundabreen i Jølster Befringsbreen i Stardalen i Jølster Breen ved Kaldakari i Stardalen i Jølster Melkevollbreen i Olden Tjøtabreen i Olden Briksdalsbreen i Olden Brenndalsbreen i Olden Ruteflottbreen ved Loen Kjenndalsbreen ved Loen Krunebreen i Loen Bødalsbreen i Loen Bohrsbreen i Loen Erdalsbreen i Stryn Vetledalsbreen i Stryn Syngeskardsbreen i Stryn
Turisme og friluftsliv Briksdalsbreen og Nigardsbreen er dei mest kjende delane av Jostedalsbreen og vert årleg vitja av mange tusen turistar. Det er bygd tre museum og senter rundt breen; i Jostedalen ligg Breheimsenteret, i Fjærland Norsk Bremuseum og i Stryn ligg Jostedalsbreen nasjonalparksenter.
Det er ei rekkje kjende breturar på Jostedalsbreen. Kryssinga frå Tungestølen opp Austerdalsbreen og Kvitesteinsvarden over breen ned til Kattenakken og Briksdal, er av dei mest klassiske breturane i Noreg. Turen vart først gått av William Cecil Slingsby og følgjet hans i 1894, og på same dag og utan å vite om kvarandre, av Kristian Bing og Daniel Sygnesand.
Josten på langs er ein moderne klassikar på ski, gjerne gjennomført i mai. Han startar gjerne i Erdalen i Stryn eller på Sota seter i Skjåk og følgjer breen til Flatbrehytta og Fjærland i sør. Turen tek om lag tre dagar.
Skiturane Loen rundt og Olden rundt er òg klassiske skiturar som tek om lag tre dagar.
Litteratur L. Ryvarden og og B. Wold: Norges isbreer. Universitetsforlaget 1991.
Bakgrunnsstoff Jostedalen Briksdalsbreen Direktoratet for naturforvaltning - nasjonalparker Jostedalsbreen nasjonalpark
Kategori:Isbrear i Vestland Kategori:Isbrear i Luster Kategori:Geografi i Sogndal Kategori:Geografi i Sunnfjord Kategori:Isbrear i Stryn Kategori:Turistmål i Vestland Kategori:Jostedalsbreen nasjonalpark