Vereja (russisk Вере́я) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 5 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre breidda av elva Protva, 113 km sørvest for Moskva.
Byen Vereja vart først nemnt i skriftlege kjelder i 1371. Han var senteret i fyrstedømmet Vereja på 13–1400-talet. Kristi fødsels katedral i det lokale kreml vart bestilt av Vladimir av Staritsa til minne om omleiringa av Kazan i 1552. Katedralen gjekk gjennom ein omfattande ombygging på 1700-talet og eit høgt neoklassisistisk klokketårn vart reist i 1802. Den eldste soknekyrkja stammar frå 1667–1679.
mini|venstre|Kyrkje i Vereja.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Vereja» frå , den 26. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1370-åra