Pugatsjov (russisk Пугачёв) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bolsjoj Irgiz, ei sideelv til Volga, rundt 200 km aust-nordaust for Saratov.
Byen vart grunnlagt som slobodaen Metsjetnaja (russisk: Мечетная) i 1764 av gammaltruande som vendte tilbake frå Polen. I 1835 fekk han byrettar og nytt namn, Nikolajevsk (russisk: Никола́евск), etter den dåverande tsaren Nikolai I. I 1918 vart namnet igjen endra og byen vart kalla opp etter Jemeljan Pugatsjov, leiaren for kosakk-opprøret.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Pugatsjov» frå , den 28. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1764