Karatsjev (russisk Карачев) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 40 km aust for Brjansk.
Karatsjev vart første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1146. I mellomalderen var han hovudstad i ein av Dei øvre fyrstedøma, til herskarane her flytta setet til Peremysjl. Den gamle arkitekturen i byen gjekk tapt under den andre verdskrigen.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Karatsjev» frå , den 28. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet