Pionerskij er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen, rundt 30 km nordvest for Kaliningrad.

mini|venstre|Ved hamna i Pionerskij.

Han vart grunnlagt av Den tyske riddarordenen i 1254 som Neukuhren. Etter den andre verdskrigen vart han annektert av Sovjetunionen. Den tyske folkesetnaden vart utvist og erstatta med russarar. I 1946 fekk han bystatus og namnet vart endra til Pionerskij, etter organisasjonen Unge pionerar av Sovjetunionen.

Den vesle hamna i byen, som tidlegare mest vart nytta av fiskeflåten, er no mykje nytta av seglbåtar og til strandturisme.

Merknader

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Pionerskij» frå , den 29. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet