Malojaroslavets (russisk Малояросла́вец) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved høgre breidda av elva Luzja, rundt 60 km nordaust for Kaluga.
Malojaroslavets vart grunnlagd på slutten av 1300-talet av fyrst Vladimir Andrejevitsj av Serpukhov og vart kalla Jaroslavets etter son hans Jaroslav. I 1485 vart byen annektert av Storfyrstedømet Moskva og namnet vart endra til Malojaroslavets for å skilje han frå Jaroslavl.
mini|venstre|Kloster ved Malojaroslavets.
Under Napoleon sin invasjon av Russland vart slaget ved Malojaroslavets utkjempa i nærleiken av byen 12. oktober 1812.
Under den andre verdskrigen vart det òg utkjempa fleire harde kamper ved Malojaroslavets under slaget om Moskva i 1941–1942. Byen vart teken av den tyske armeen 18. oktober 1941 og vart gjenerobra av sovjetiske styrkar 2. januar 1942.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Malojaroslavets» frå , den 30. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1300-talet