Buj (russisk Буй) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Kostroma, rundt 90 km nord for Kostroma.

Historie Buj vart grunnlagt i 1536 som ei festning der elvane Kostroma og Vjoksa renn saman. Festninga vart bygd etter ordre frå Jelena Glinskaja, regenten i Russland på den tida og mor til Ivan den grufulle.

Buj fekk byrettar i 1778, under Katarina den store.

Under bygginga av St. Petersburg–Vjatka-jernbanen (ferdig i 1908) voks folketalet frå rundt tusen til 3500 i 1913.

Økonomi og næringsliv Dei viktigaste næringane i Buj er kjemisk industri, treforedling, møbel- og næringsmiddelindustri.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Buj (by)» frå , den 3. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1536