Serdobsk (russisk Сердобск) er ein by i Penza oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Serdoba i nedslagsfeltet til Don, 110 km søraust for Penza.
Busetnaden vart først nemnd i 1699 som Serdobinskaja sloboda (russisk Сердобинская слобода). Frå midten av 1700-talet var han kjend som Bolsjaja Serdoba (russisk Больша́я Сердоба). Han fekk bystatus i 1780 av Katarina den store, og fekk samstundes nytt namn, Serdob (russisk Сердоб). Dette namnet vart seinare endra til Serdobsk.
Kjende personar frå Serdobsk Pavel Nikolajevitsj Jablotsjkov
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Serdobsk» frå , den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1699