Rylsk (russisk Рыльск) er ein by i Kursk oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sejm, rundt 100 km vest for Kursk.

Historie Rylsk vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1152 som ein av dei severiske byane. Han vart eit senter for eit apanasje-fyrstedøme på slutten av 1100-talet før han hamna under Storhertugdømet Litauen sine herskarar ein gong på 1300-talet. Kasimir IV gav han til sonen til Dmitrij Sjemjaka, Ivan, som hadde busett seg i Litauen. Son til Ivan, Vasilij, hoppa over til Storfyrstedømet Moskva, men litauarane heldt byen til 1522. Under urotida i Russland var han ein av dei første byane som ønskte den falske Dmitrij velkommen som tsar. Etter Ukraina vart innlemma i det russiske keisardømet drog Rylsk fordelar av handelen mellom Ukraina og det øvrige Russland og det budde mange handelsmenn i byen.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Rylsk» frå , den 4. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet