Lars Korvald () var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han var statsminister frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Han var òg formann i Kristeleg Folkeparti, stortingsrepresentant frå 1961 til 1981 og Lagtingspresident.

Bakgrunn Korvald var fødd i Nedre Eiker kommune i Buskerud fylke. Han studerte på jordbrukslinja ved Noregs landbrukshøgskule i 1940-1943.Korvald, Lars (1916-2006) ved stortinget.no.

Han var landbrukslærar ved Tomb jordbruksskole 1943-1948, og blei seinare rektor her frå 1952 til 1977. Mellom 1948 og 1952 var Korvald sjefskonsulent i Landslaget Norske Jordbruksklubber (seinare Norske 4-H).

Politikk Lars Korvald si regjering etterfylgde Trygve Bratteli si fyrste regjering i 1972. Trygve Bratteli hadde sagt at regjeringa frå Arbeidarpartiet ville gå av om det vart nei- fleirtal i folkerøystinga om EF-medlemsskap. Då det vart nei-fleirtal og Bratteli si regjering gjekk av, danna Korvald ei regjering med stønad frå partia Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ei viktig oppgåve for regjeringa var å forhandla fram ei norsk handelsavtale med EF. Mindretalsregjeringa til Korvald gjekk av i 1973, og Trygve Bratteli si andre regjering tok over.

Lars Korvald var fylkesmann i Østfold frå 1981 til 1986.

Det var Lars Korvald som i 1972 tok den då 25 år gamle Kjell Magne Bondevik inn i rikspolitikken ved å gjera han til statssekretær ved statsministeren sitt kontor.

Prisar og utmerkingar

Deltakarmedaljen 1940-45 Kong Olavs medalje 1957-82 Kommandør av St. Olavs Orden, 1986

Kjelder

Kategori:Norske statsministrar Kategori:Regjeringa Korvald Kategori:Leiarar for Kristeleg Folkeparti Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Fylkesmenn i Østfold Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Folk frå Nedre Eiker