Waipa District Council i regionen Waikato på New Zealand omfattar Te Awamutu, Cambridge og fleire mindre byar. Distriktet sitt administrasjonssenter ligg i Te Awamutu. Like nord for distriktet ligg den største byen i regionen, Hamilton og distriktet Waikato. Mot aust dannar elva Waikato River det meste av grensa mot distrikta Matamata-Piako og South Waikato, og i sør ligg distriktet Otorohanga.
Det ligg fleire naturvernområde i distriktet, mellom anna det knapt 1 000 m høge fjellet Mount Pirongia og det knapt 800 m høge Mount Maungataurari. Innbyggjartalet i distriktet var i juni 2008 estimert til 44 700, der om lag 35% budde i kvar av dei to største byane. Flatevidda til distriktet er 1 473,47 km².
Økonomien i området er for ein stor del basert på mjølke-, frukt- og kornprodukjson. I det søraustre hjørnet i distriktet ligg vasskraftverka ved innsjøen Karapiro.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Heimeside til distriktsstyresmaktene Styresmaktene sin distriktsprofil
Denne artikkelen bygger på «Waipa-Distrikt» frå , og «Waipa District» frå den 4. februar 2009.
Kategori:Waikato Kategori:Distrikt på New Zealand