Bilethoggargalaksen eller NGC 253 er ein Seyfert-spiralgalakse som ligg rundt 13 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Bilethoggaren. Galaksen vart oppdaga av Caroline Herschel den 23. september 1783 medan ho leitte etter kometar. Galaksen er den ljosaste medlemen av Bilethoggargruppa, som er kan henda den næraste galaksegruppa.SEDS om Bilethoggargalaksen
mini|Hubble-nærbilete av Bilethoggargalaksen som syner tusenvis av unge blå stjerner og mørke filament av støv og gass.
Kjelder
Denne artikkelen baserer seg på pressemeldingane STScI-1998-42 og STScI-2008-35 frå Space Telescope Science Institute.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Spiralgalaksar Kategori:Seyfert-galaksar Kategori:Bilethoggaren Kategori:NGC-objekt