Ovčar-Kablar-kløfta (serbisk Овчарско-кабларска клисура, Ovčarsko-kablarska klisura) er ei kløft vest i Serbia og ein del av dalen som elva Zapadna Morava renn gjennom. Det er bygd over 300 kloster i kløfta sidan 1300-talet og ho er kjend som «det serbiske Áthos».
Geografi
Ovčar-Kablar-kløfta ligg vest i Serbia, halvvegs mellom byane Čačak (17 km mot aust) og Požega i vest, om lag 155 km sørvest for hovudstaden Beograd.
Kløfta er den smalaste av dalane som Zapadna Morava renn gjennom og eit framhald av Požegaseinkinga i vest. Kløfta held fram ivdare som Čačak-Kraljevo-seinkinga i aust. Kløfta er grove ut mellom det 985 meter høge fjellet Ovčar i sør og det 885 meter høge Kablar i nord. Desse fjella har gjeve kløfta namnet sitt. Elva svingar seg gjennom kløfta i om lag 15 km.
Økonomi
Ovčar spa (Ovčar banja) ligg i kløfta, om lag 278 meter over havet. Her finst varmt (37,5 °C), svovelhaldig vatn som vert nytta til behandling av revmatisme og nerve- og hudsjukdommar.
I 1954 vart Zapadna Morava demd opp i kløfta med to demningar og det vart skapt kunstige innnsjøar, Ovčarsjøen, som etter kvart har grodd igjen på grunn av avleiringar som elva har ført med seg. Den andre demninga med kraftverk med ein kapasitet på 7 megawatt, skapte den 1,5 km² store Međuvršjesjøen.
I kløfta går både jernbane og motorveg som knyter sentrale og vestlege område av Serbia saman.
Kloster
Dei første kyrkjene vart bygd her tidleg på 1300-talet etter at leigesoldatar frå det katalanske selskapet plyndra det austromerske halvøya Athos i 1307-1309. Det serbisk ortodokse presteskapet flykta frå halvøya og starta bygginga av dei første klostera i kløfta. Fleire prestar kom hit etter det tyrkisk-serbiske slaget ved Marica i 1371. Sidan den gong har over 300 kloster, kyrkjer og heilagdomar vorte bygd i kløftet, men i dag er berre ti kloster, ei kyrkje og ei heilag grotte igjen. Dei fleste av dei andre vart øydelagd under osmanarane frå 1400- til 1700-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ovčar-Kablar Gorge» frå , den 7. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Serbisk geografi