Ølgjær (Saccharomyces cerevisiae) er ein gjærsopp i slekta Saccharomyces. Han er ein viktig modellorganisme for eukaryotar og har ført til mange oppdagingar av gen i pattedyr.
Bruk ved brygging mini|Blanding av kiselgur og gjær etter filtrering av øl Ølgjær gjer at enkelte karbohydrat vert gjæra til etanol (alkohol). Stundom vert ølgjær kalla bryggerigjær, der gjærsoppen er drepen, medan enzym og vitaminar framleis er uskadde. Ølgjær er rikt på B-vitamin.
For bryggerigjær skil ein mellom «overgjær» og «undergjær». Overgjær dannar eit skum på toppen av væska under gjæringsprosessen og kan skape høgare alkoholinnhald og meir fruktig og søtare øltypar. Undergjær vert nytta til å lage lager. Denne gjærtypen produserer meir sukker, og har ein skarpare smak.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brewer's Yeast» frå , den 12. februar 2009.
Kategori:Brygging Kategori:Gjær