Åge og Aage er opphavleg danske mannsnamn avleidde frå det norrøne namnet Áki, som er ei kjæleform av *anuR og tyder 'far'/'liten far'. Aki er ei gammaldansk form av namnet. I Danmark var Aage eit svært populært namn på gutebarn fødde på fyrste halvdel av 1900-talet. Åke er den svenske forma av namnet.

Åge og Åke har norsk namnedag den 8. mai.

Bruk Namnet har vore kjent i Noreg sidan 1200-talet. I 2009 var det 4559 menn som heitte Åge og 1699 menn som heitte Aage i Noreg.

Historisk utvikling av bruken av Aage i Danmark.

Kjende namneberarar Personane på lista er ordna kronologisk etter fødselsår. Aage Niels Bohr (f. 1922), dansk fysiker Åge Storhaug (f. 1938), norsk turnar Tor Åge Bringsværd (f. 1939), norsk forfattar Åge Danielsen (f. 1942), norsk sosialøkonom Åge Starheim (f. 1946), norsk politikar (FrP) Aage Hauken (f. 1947), norsk prest og forfattar Aage Kvalbein (f. 1947), norsk cellist Åge Tovan (f. 1947), lokalpolitikar i Lørenskog Åge Aleksandersen (f. 1949), norsk rockeartist Aage Andersen (f. 1949), norsk forretningsmann Åge Hareide (f. 1953), norsk fotballtrenar Åge Simonsen (f. 1959), norsk biolog Aage Langhelle (f. 1959), norsk fotograf og målar Per Aage Pleym Christensen (f. 1966), norsk redaktør Åge Sten Nilsen (f. 1969), norsk rockeartist

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Åge» frå , den 14. februar 2009.

Fotnotar

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til familie