«It’s All Over Now» er ein song skriven av Bobby Womack og Shirley Womack. Han vart først gjeve ut av The Valentinos med Bobby Womack. Singelen nådde Billboard Hot 100 i juni 1964 og vart verande der i to veker med ein 94. plass som høgaste plassering. The Rolling Stones spelte inn ei utgåve av songen som gjekk til topps på singellista i Storbritannia

The Rolling Stones-utgåva The Valentinos-versjonen av songen vart spelt til the Rolling Stones under den første nordamerikanske tureneen deira i juni 1964. Etter bandet høyrte songen spelte dei han sjølv inn ni dagar seinare i Chess Studios i Chicago. Bobby Womack ønskte i starten av the Stones ikkje spelte inn songen, og at dei fekk finne seg sin eigen song. Då dei første honorara kom inn etter salet av the Rolling Stones-singelen sa han at Mick Jagger kunne få kva song han ville. Singelen var den tredje the Stones gav ut i Statane og han nådde 26. plass på singellista og vart seinare gjeven ut på det andre amerikanske albumet deira, 12 X 5. Då singelen vart gjeve ut i Storbritannia gjekk songen heilt til topps på singellista, den første førsteplassen dei oppnådde.

Medverkande Mick Jagger - solovokal, perkusjon Keith Richards - sologitar, korvokal Brian Jones- rytmegitar, korvokal Bill Wyman - bassgitar Charlie Watts - trommer

Andre versjonar Songen er spelt av fleire andre artistar, som Waylon Jennings, Rod Stewart, Molly Hatchet, Ducks Deluxe, The Sharks, The Grateful Dead, AC/DC, Social Distortion, Arno, Nils Lofgren og Ry Cooder.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «It's All Over Now» frå , den 22. februar 2009.

Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Ry Cooder-songar Kategori:Molly Hatchet-songar