Soltveit , uttala [sålltveit] eller [sølltveit], er ei grend på Radøy. Den opphavlege matrikkelgarden er delt i mange bruk, i nyare tid er det og fradelt mange bustadtomter.

Staden vart busett alt i den eldre steinalderen, og garden namnet tyder på at garden vart rydda i vikingtida, kanskje av ein bonde som het Solve. Etter reformasjonen høyrde garden til biskopen i Bergen, og ut på 1700-talet var garden delt i sju bruk. I nyare tid er garden kraftig oppdelt, og under andre verdskrigen var det 30 bruk i drift på Soltveit. Fram mot vår tid er dei fleste av desse bruka lagde ned som eigne driftseiningar, sjølv om jorda framleis vert driven av nabobruk.

Kjelder

Soltveit i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne

Kategori:Gardar i Alver