Slåttetradisjonen i Numedal kan seiast å vera ein av dei mest grøderike i landet. Mange av dei store vandreslåttane har oppkoma si her, og nedre Numedal er rekna som ei slåttegruve for spelemenn frå utbygdene, som Tinn kommune. Likefullt har Numedal ei gruppe særeigne slåttar som berre har vore å finne i dalen (med unnatak av nokre nærskylde former i mellom anna Hovin. Til denne lista høyrer slåttar som er dikta i Numedal, av numedalsspelemenn, og som ikkje høyrer til vandreslåttgruppene.
Slåttar etter kjelde
Etter Steingrim Haukjem
215: Raudstakken .
216: Sopelimen .
217: Springar .
Etter Herbrand Hagen
Herbrand Hagen var frå Nore øvst i Numedal. Han hadde og vore i kontakt med Gudbrand Skjellerud frå Nes i Hallingdal.
181: Sagahaug-kongen .
232: Springar .
233: Pål Fillegamp .
234: Springar .
Slåttar frå Jondalen
Jondalstradisjonen ligg innpå både Numedal og Telemark, og ei rekkje særeigne slåttar er tekne vare på her. Tradisjonen går mykje gjennom spelemannen Anders Buen og sønene hans, Hauk Buen og Knut Buen.
2: Halling frå Jondalen, etter Gaute Buen, Jondalen i Buskerud .
228: Springar, etter Gaute Buen, Jondalen i Buskerud .
229: Løndalen, etter Åsmund Buen, Jondalen i Buskerud .
Andre
69: Hasleruen, etter Halvor Prestemoen, Rollag .
236: Springar, etter Olav Strømmen, Nore
Slåttekrinsar knytt til Numedal
Gamle-Signe
Hardingfeleverket nr 423. Ein springar som og har vore nytta mykje som visetone. Melodien har vore nytta mellom anna av Henrik Wergeland og Margrethe Munthe. Aasmund Olavsson Vinje har og ei vise knytt til denne tonen. Eivind Spellemann kalla slåtten skreddaren, fortalde Halvor Høyseth. Han kan vera like gamal både i Numedal og Telemark, der han er kalla Vesle-Signe.
Stev:
Gamle Signe spente leirstein i kåvå`n sin ropa granneguten sku kommå inn. Her ske de få sukker og brennevin og så få ligge på ærmen te sola kjem.
eller:
Inkje så vi`je meir de Dåset å fri, døm har så my` der på jenta mi å si. Somme si` ho e` døvin, somme si` ho e` lat somme si` ho e` så snak etter mat.
a: Etter Hellik Ranvik, Svene, Flesberg. Nedskrift Arne Bjørndal 1935 (B 30). b: Etter Hellik Juveli, Flesberg. Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1181). Juveli hadde slåtten etter Eivind Spellemann. c: Vesle-Signe, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1386).
Veggligjenta
Hardingfeleverket nr 424. Slåtten skal vera laga av Pål Løytnantsdreng. Opningstaka minner noko om Napperen. Slåtten har vore spela i Telemark med.
a: Etter Steingrim Haukjem, Veggli. Nedskrift Truls Ørpen 1921 (Ø 84). Haukjem hadde slåtten etter Steinar Gladheim frå Veggli. b: Etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1286). Denne forma er for det meste lik Haukjem si form, men Dale utfører slåtten på sitt eige vis. c: Abigelhaugen, etter Olav R. Berge, Rauland. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 729). Og kalla Abilhaugen. .
Kategori:Norske slåttar