«My Girl» er ein song av 21. desember 1964 og ein hitsingel av The Temptations for Gordy (Motown). Songen er skriven og produsert av Miracles-medlem Smokey Robinson og Ronald White, og vart den første førsteplassen til the Temptations i USA, og er i dag signaturlåten deira. Inspirasjonen til Robinson for å skrive songen var kona hans, Miracles-medlem Claudette Rogers Robinson og han meinte opphavleg at gruppa hans skulle spele inn songen.
Historie Innspeling og suksess Innspelinga av «My Girl» var den første Temptations-singelen med David Ruffin på solovokal. Tidlegare hadde Eddie Kendricks og Paul Williams hatt denne rolla, og Ruffin hadde kome med i bandet som erstatning for Elbridge «Al» Bryant. Medan dei var på turne som ein del av Motortown Revue, ein turne med mange Motown-artistar, fekk Smokey Robinson med seg Temptations sin del av showet. Gruppa spelte ein medley av soul-standardar i showet, der mellom anna Ruffin song The Drifters sin «Under the Boardwalk». Robinson vart imponert og ønskte å produsere ein singel med Ruffin på solovokal. Robinson såg stort potensiale i Ruffin med ei unik stemme som var mjuk, men samstundes barsk.Sjå @5:53 Robinson meinte at om han berre kunne skrive ein song som passa stemma til Ruffin perfekt, så ville han ha ein kjempehit.Sjå @6:02 Etter å ha overtydd bandmedlemmane til Ruffin, spelte Robinson inn «My Girl» med The Tempetations, i staden for The Miracles og fekk Ruffin til å ta solovokalen.
«My Girl» klatra til toppen på den amerikanske poplista rundt juletider i 1964, og han vart den første førsteplassen til the Temptations. Singelen vart òg den første til å toppe Billboard R&B Singles-lista, som hadde vore lagt ned mellom 1963 og 1965. Songen vart den første i ei rekkje store hittar med Ruffin på vokal, som «It's Growing» (1965), «Since I Lost My Baby» (1965), «My Baby» (1965), «Ain't Too Proud to Beg» (1966), «Beauty Is Only Skin Deep» (1966), «(I Know) I'm Losing You» (1966), «All I Need» (1967), «(Loneliness Made Me Realize) It's You That I Need» (1967), «I Wish It Would Rain» (1967 og «I Could Never Love Another (After Loving You)» (1968). Den tidlegare korvokalisten vart raskt frontfiguren i bandet. Etter å ha leia gruppa til mange hitsinglar, starta han å utvikle eit stort ego. Han vart seinare sparka frå gruppa.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 88. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Andre utgåver Året etter gav Otis Redding ut ein meir tradisjonell blues-utgåve av songen. Denne vertsjonen vart produsert av Steve Cropper og gjeve ut på det kritikarroste albumet Otis Blue: Otis Redding Sings Soul. Han vart òg gjeve ut på singel, men nådde berre 11. plass på lista i USA. Al Green har òg gjeve ut ei utgåve på Green is Blues.
Andre band som har spelt inn songen er The Rolling Stones, The Mamas & the Papas, Dolly Parton, Suave, Michael Jackson, Stevie Wonder, Marvin Gaye og Westlife.
Medverkande Solovokal av David Ruffin Korvokal av Eddie Kendricks, Melvin Franklin, Paul Williams og Otis Williams Skriven og produsert av William «Smokey» Robinson og Ronald White Arrangert av Paul Riser Instrumentering av The Funk Brothers og the Detroit Symphony Orchestra (strykarar)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «My Girl (The Temptations song)» frå , den 28. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar frå 1964 Kategori:The Temptations-songar Kategori:Otis Redding-songar Kategori:Rolling Stones-songar 088 043 Kategori:Ferrante & Teicher-songar