Latinske namn for helgedagar har vorte nytta i den norske kyrkja frå mellomalderen. Frå 1700-talet vart det vanleg å bruke danske, og seinare norske, namn for helgedagane, men latinnamna har vore bruka heilt fram mot vår tid for nokre av dagane, som m.a. Septuagesima og Sexagesima .

Kyrkjeåret byrjar med Dominica I Adventus, dvs. Fyrste sundag i advent, og avsluttast med siste sundag i kyrkjeåret, som kan vere Dominica XXVII Post Trinitatis om påska fell tidleg.

Dominica (ofte forkorta «Dom.») = Sundag

Dominica I Adventus = Fyrste sundag i advent Dominica II Adventus = Andre sundag i advent Dominica III Adventus = Tredje sundag i advent Dominica IV Adventus = Fjerde sundag i advent Festum Nativitatis Domini eller Festo Nativitatis Christi= Fyrste juledag Festum Sti. Stephani = Andre juledag Festum Sti. Johannis Evangelistæ = Tredje juledag Dominica inter Nativit. ex Circumcis = Sundag mellom jul og nyår Festum Novi Anni, Festum Circumcisionis Domini = Nyårsdag Dominica I post Circumcis = Fyrste sundag på nyåret, når denne fell 2. – 5. januar Epiphania Domini, Festo Gloriosæ Apparit. Christi = Heilage tre kongar, epifanium, sjette januar Dominica I post Epiphaniam = Fyrste sundag etter Heilage tre kongar Dominica II post Epiphaniam = Andre sundag etter Heilage tre kongar Dominica III post Epiphaniam = Tredje sundag etter Heilage tre kongar Missa candelarum, Festum purificatio = Kyndelsmesse (2. februar) Dominica IV post Epiphaniam = Fjerde sundag etter Heilage tre kongar Dominica V Post Epiphaniam = Fyrste til sjette sundag etter Heilage tre kongar Dominica VI post Epiphaniam = Fyrste til sjette sundag etter Heilage tre kongar Septuagesima = Andre sundag før fastelavn Sexagesima = Sundag før fastelavn Quinquagesima eller Esto mihi = Fastelavnssundag Quadragesima eller Invocavit = Fasta, fyrste sundag i fasta Reminiscere = Andre sundag i fasta Oculi = Tredje sundag i fasta Lætare = Midtfaste, fjerde sundag i fasta Judica = Femte sundag i fasta Mariæ annuntiatio = Maria bodkapsdag, til 1701: 25. mars el. laur. før palmesøndag, 1701-1977 på 5. søn i fasta Palmarum Dominica = Palmesundag Dies Coenæ domini, Dies Viridium = Skjærtorsdag Dies Parasceves = Langfredag Pascha, Festum Resurrectionis Domini = Fyrste påskedag Quasi modo geniti = Fyrste sundag etter påske Misericordia Domini = Andre sundag etter påske Jubilate = Tredje sundag etter påske Cantate = Fjerde sundag etter påske Rogate = Femte sundag etter påske Festum Ascensionis Domini, Ascensio Christi = Sjette torsdag etter påske, Helgetorsdag eller Kristi himmelfartsdag Exaudi = Sjette sundag etter påske Pentecoste = Sjuande sundag etter påske, fyrste pinsedag, Kvitsun Trinitatis Dominica, Festum Sanctissimæ Trinitatis = Treeinings sundag Dominica I post Trinitatis = Fyrste sundag etter treeining - dvs. andre sundag etter pinse Dominica II - XXVII Post Trinitatis = Andre til tjuesjuande sundag etter treeining, dvs. tredje til tjueåttande sundag etter pinse

Faste helgedagar i treeiningstida Dagane var faste helgedagar til festdagsreduksjonen i 1770 Festum nativitatis St. Johannis Baptistæ = Jonsok, 24. juni Mariæ visitatio = Maria besøksdag, 2. juli Festum archangeli Michaelis = Mikkelsmesse, 29. september Festum Omnium sanctorum = Allehelgensdag, 1. november

Andre messedagar Inventio crucis, Krossmesse om våren, 3. mai Exaltatio crucis, Krossmesse om hausten, 14. september

Bakgrunnsstoff: Kyrkjeårskalender - heilgadagane slik dei framstår i norske kyrkjebøker

Kjelder Nils Johan Stoa og Per-Øivind Sandberg: Våre røtter Cappelen 2001 ISBN 82-02-20848-3

Kategori:Kristen liturgi Kategori:Latinske ord og uttrykk Kategori:Kyrkjeåret