«Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)» er ein song av The Rolling Stones på albumet deira Goats Head Soup frå 1973.

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og teksten baserer seg på to soger, ei sann historie om politiet i New York City som ein gong feilaktig skaut ein gut, og den andre om ei jente som døyr av ein overdose.

«Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)» var først spelt inn i november og desember 1972, før han vart spelt inn på ny sommaren etter. Jim Price arrangerte blåsarane på songen og spelte sjølv saksofon, medan Chuck Findley spelte trompet. Mick Taylor spelte «wah-wah»- gitar; Richards spelte bass; Billy Preston spelte elektrisk piano.

Songen vart gjeven ut på singel i USA.

Salslister Liste (1974) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)» frå , den 12. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Songteksten

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar produserte av Jimmy Miller Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Musikkvideoar regisserte av Michael Lindsay-Hogg Kategori:Songar om New York