Sokobanjska Moravica eller berre Moravica (serbisk Сокобањска Моравица eller Моравица) er ei elv sentralt i det austlege Serbia og ei 58 km lang sideelv til Južna Morava.

Sokobanjska Moravica spring ut frå austsida av Devica nær landsbyen Skrobnica. Ved landsbyen Bovan er det bygd ei demning over elv, som eit ledd i reguleringa av Velika Morava. Den kuntige Bovansjøen har dekt Bovankløfta med vatn og er ein populær regional turistdestinasjon. Elva munnar ut i Južna Morava ved byen Aleksinac.

Sokobanjska Moravica høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer eit område på 606 km².

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sokobanjska Moravica» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, 3. utg. (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6

Kategori:Elvar i Serbia