Veliki Galijaš eller berre Galijaš (serbisk Велики Галијаш) er ein kanal rundt Store krigsøya i Beograd, hovudstaden i Serbia.

Den tidlegare kanalen er vart avskoren frå Donau og omgjort til ein innsjø med eit areal på 0,24 km². I dag er innsjøen ein naturleg tilhaldsstad for fugl og fisk. 196 fugleartar og 90 fiskeartar held til i innsjøen og på øya. I tørre periodar har innsjøen stundom tørka heilt inn og gjort skade på økosystemet rundt han. I august 2007 starta arbeidet med å grave ein ny kanal som hindrar innsjøen i å tørke inn. Denne kanalen er knytt til Sava, og fisk frå denne elva har strøymd til Veliki Galijaš.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Veliki Galijaš» frå , den 18. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Politika (2007: 1. februar s.24; 13. juli s. 25; 14. juli s.24; 17. august s.23; 2008: 5. februar, 20. mars s.25)

Kategori:Beograd Kategori:Innsjøar i Serbia