mini|Đavolja Varoš Đavolja Varoš (serbisk Ђавоља Варош, tyder «Djevelbyen») er ein geografisk region sør i Serbia ved Radanfjella nær Kuršumlija. Regionen inneheld eksotiske formasjon skildra som jordpyramidar. Desse er skapt av erosjon.

Sidan 1959 har Đavolja Varoš vore verna av staten, og sidan 1995 har dei av den serbiske regjeringa hatt status som eit særskild viktig naturområde.

Kjelder under pyramidane har høgt mineralinnhald.Strana Det er to kjelder: Đavolja voda («Djevelvatnet») med ekstremt surt vatn (pH 1,5) og høgt mineralinnhald (15 gram per liter vatn) og Crveno vrelo («Raudbrønnen»).

Đavolja Varoš er ein kandiat og ein av favorittane til å verte eit av dei sju naturlege underverka.Direkte rangering - new7wonders - Vitja 20. mars 2009. For tida ligg staden øvst i kategorien «Steinformasjon» og ligg an til å hamne i den siste avgjerande avstemninga mellom 21 kandidatar, som vert avgjort 31. juli 2009.

Formasjonane vart skapt for fleire millionar år sidan av vulkansk aktivitet. Det er fleire segner om korleis formasjonane vart skapt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Đavolja Varoš» frå , den 20. mars 2009. oppgav desse kjeldene: http://www.serbia-tourism.org/srpski/tekst.php?podaci=priroda.txt&gde=dja kursumlija.pondi.hr

Bakgrunnsstoff Mineralvatn i Đavolja varoš Đavolja varoš Djavolja Varos - eit mogeleg underverk jos nesto o kursumliji i djavoljoj varosi

Kategori:Serbisk geografi