Franz Joseph Haydn () var ein austerriksk komponist, og utgjer saman med Mozart og Beethoven dei leiande komponistane i den mogne wienerklassisismen. I dag er Haydn truleg mest kjend som som far til symfonien og strykekvartetten, og som ven av Mozart og læremeister til Beethoven. I populæropinionen frå 1800-talet og fram til i dag har assosiasjonen med desse to komponistane vore ei ulukke for Haydn. Nesten utan unntak har han vore rekna som ein viktig føregangsfigur, men musikalsk underlegen Mozart og Beethoven. I fagsirklar er han derimot rekna som deira musikalske likemann. I 2009 er det 200 år sidan Haydn døydde, og med dette jubileet ynskjer mange å forsøkja å gjeve Haydn statusen han fortener.

Blant dei mest kjende verka til Haydn finn ein London-symfoniane, Die Schöpfung, Missa in Angustiis, betre kjend som Nelson-messa, og folkehymna Gott Erhalte Franz den Kaizer, som skulle bli nasjonalsong både i keisardømet Austerrike-Ungarn, og det noverande Tyskland.

Joseph Haydn var bror av komponistar Michael Haydn, og tenoren Johann Evangelist Haydn.

Livslaup Barndom Franz Joseph Haydn blei fødd den 31. mars, 1732, i den vesle byen Rohrau i Austerrike, nær grensa til Ungarn. Han blei fødd inn i ein familie av hjulmakrar, eit yrke som hadde høg status i bondesamfunn på den tida. Far til Joseph, Mathias, var og borgarmeister. Han var godt kjend med lokal folkemusikk, i eit område der du hadde både austerrikske, ungarske og kroatiske tradisjonar. Denne tradisjonen hadde utan tvil påverknadpå Haydn sin musikk, og var rota i eit stridsmål på attenhundretalet om det etniske opphavet til Haydn-slekta.

Som seksåring blei Haydn gjeve i varetekta til Johann Matthias Frankh, ein fjern slektning og korleiar i Hainburg. Haydn sa sjølv seinare at Frankh gav han meir juling enn mat, men han læra å spela fiolin og cembalo, og var takksam for dette resten av livet. To år seinare blei han overført til koret i Stefansdomen i Wien, under Georg Reutter. Og her gjekk Haydn ofte svolten, då Reutter ofte klare å lura unna pengane sett til side for mat til korgutane. For å kompensere for dette song gutane ofte i husa til rike aristokratar, der dei fekk mat som løn. Reutter var lite interessert i å læra Haydn komposisjon, men guten blei likevel kjend med store mengder musikk i dei ni åra han song i koret. Rundt 17-årsalderen kom Haydn i stemmeskiftet. Reutter foreslo ein operasjon for å gjera Haydn til "permanent sopran", men foreldra sa nei. Utan meir bruk for han kasta difor Reutter han ut på gata, med lite klede, ingen pengar og ingen ordentleg musikkutdanning.

Magre år og suksess I åra som kom klarte Haydn på så vidt å få endane til å møtast, ved å kombinere arbeid som lærar, akkompagnatør, organist og komponist av dansemusikk. Han nytta og ein kvar moglegheit til å bli kjend med meir musikk, C.P.E. Bach var ein favoritt (og på den tida og den meste kjende komponisten i Tyskland). Den geografiske plasseringa til Austerrike var svært ideell for komponistspirar, for her blei Haydn kjend med musikk både frå Tyskland, Italia og Mannheim i Pfalz, spesielt kjend for populariseringa av orkestercrescendoet.

I 1758 blei Haydn tilsett av ein Hertug Morzin (ein er ikkje sikker på kven) for å skriva for hofforkesteret sitt. Det er frå denne perioden dei fleste tidlege verka som har overleve kjem frå. Alt i 1761 blei Morzin tvunge til å oppløyse orkesteret grunna finansielle problem, og Haydn blei tilsett av fyrst Paul Anton Esterházy, ein ungarsk prins tilhøyrande habsburgarslekta. Haydn var dei neste 29 åra som kapellmeister for Esterházy-slekta. Det er frå denne tida den store majoriteten av verka til Haydn er frå. Orkesteret han no hadde til disposisjon var mykje større og betre trena enn orkesteret til Morzin var, og prinsane Haydn jobba for var musikalske og støttande, og let han få eksperimentere utanfor dei opptrakka stigane dei fleste komponistar måtte arbeida innanfor. Etter kvart blei Haydn anerkjend som

Om Haydn si musikalske utvikling var ein triumf, var kjærleikslivet hans ein katastrofe. Medan han jobba som freelansar, blei Haydn fyrst forelska i ein av klaverelevane sine. Namnet hennar var Teresa Keller,og ho var dotten av ein parykkmakar. Men faren hennar hadde bestemt at ho skulle sendast i kloster (ikkje uvanleg for den yngste dottera i religiøse familiar). Då Haydn blei hyra av fyrst Morzin, klarte han i staden å truga Haydn til å gifta seg med den eldste dottera, Maria Anna. Maria Anna skal ha vore stygg, kranglete, ufruktbar, ei dårleg hushalderske, storsløsar, og, kanskje verst av alt for Haydn, totalt umusikalsk. Venar av Haydn har fortalt korleis ho bruke Haydn sine handskrivne manuskript til å laga bakstformer og hårrullar. Både Joseph og Maria Anna er hadde utanomekteskapelege affærar. Vidare var musikken til Haydn enno ikkje sett pris på ved det austerrikske hoffet, og mange av musikkvitarane på same tid var samde (Mozart var eit unntak vi skriv meir om nedanfor). Musikken til Haydn blei kritisert for å blanda saman seriøse og komiske element. Dette skulle bli eit karakteristisk trekk før den høgklassiske stilen som Haydn, Mozart og Beethoven stod for, men stod i sterk kontrast med den tidlegare barokke stilen, der eit verk skulle vera sentrert rundt ein affekt.

Triumfen i London

Om Wien lenge var skeptisk til Haydn, var han elska i London lenge før han reiste dit. For å illustrera dette kan ein sjå på eit avisutklypp frå avisa The Gazeteer & New Daily Advertiser, 17. januar 1785:

Haydn, den enklaste så vel som den største blant menn, er resignert til dei simplaste kår... og dediserer livet sitt til den romersk-katolske kyrka sine ritual og seremoniar[...] [han er] nøgd med å leva mura inne ein stad lite betre enn ei fengselshole, slave av den dominerande oppførselen til ein simpel Fyrste, og det vanskelege temperamentet til ein skoldande hustru. Ville det ikkje vera eit mål nett som ei pilegrimsferd for ein ambisiøs ungdom, å redda han frå lagnaden sin og flytta han til Storbritannia, som verkar som skapa for han?

I 1790 døydde prins Nicholas, og arvingen Anton, uinteressert i musikk, oppløyste orkesteret. Kort tid etter blei Haydn tilboden å reisa til London av den kjende impresarioen Johan Peter Salomon. Der fekk han med ein gong ein status blant folket ingen komponist sidan Händel hadde hatt. Dei atten månadane han var i London var på alle måtar ein fantastisk suksess. Då han kom attende til Wien i 1792, og der ein enno ikkje var overtydd, reiste han attende i 1794, og blei det neste året. Det var på under desse besøka at dei 12 London-symfoniane, dei mest kjende symfoniske verka til Haydn, blei framførte. Under denne reisa fekk Haydn treffe kong Georg III, og fekk overrekt eit originalmanuskript av Händel av dronninga. Dei bad han personleg om å slå seg ned i England, men Haydn takka nei, då han byrja å kjenne alderdommen.

Dei siste åra i Wien

Då Haydn kom attende til Wien i 1795, var folk mykje meir Haydn-venlege. Prins Anton var daud, og erstatta av Nicholas II, som lik bestefaren sin var ein stor musikkelskar.

Ein av dei største påverknadane på musikken til Haydn i denne perioden var at keisar Josef II fjerna bannlysinga av instrumentakkopagnement i kyrkjemusikk. Haydn, inspirert av Händel, laga i denne perioden fleire store religiøse verk. Dei viktigaste av desse er seks høgmesser skriven for namnedagen til kona til Nicholas II, prinsesse Maria Hermenegild. Mellom desse finn ein Missa in Angustiis, betre kjend som Lord Nelson-messa, etter at Lord Nelson, på veg heim frå felttog i Egypt, stoppa i Esterháza for å høyra på verket til englandsvenen Haydn. Eit anna viktig verk var Dei sju siste orda til vår frelsar på krossen, seinare arrangert både for piano og strykekvartett.

Dei to største verka var likevel oratoria Skapinga og Årstidene. Desse verka var Haydn sitt forsøk på å laga verk som kunne måla seg med dei største verka til Händel, då spesielt Messias. Båe desse verka, men spesielt Skapinga, var internasjonale kjempesuksessar.

Av sekulære verk frå same tid som er strykekvartettane frå Op. 76 (1797) viktige. Den tredje av desse kvartettane er kalla keisarkvartetten, då hovudmelodien i andre satsen av verket skulle bli nasjonalsongen i både Austerrike-Ungarn og Tyskland. Elles merkar trompetkonserten Haydn på same tid skreiv seg ut, både som eit glimrande musikalsk verk, men og som det fyrste store verket for klaffetrompeten, det fyrste forsøket på å skapa ein trompet som kunne spela utanfor naturtoneskalaen.

Det har vore sagt at Skapinga og Årstidene representerte heile den verda Haydn kjente, og etter at Årstidene var ferdigskriven byrja han trappe ned verksemda si. I 1801 fekk låg han mykje febersjuk, og i 1803 la han frå seg pennen for godt. Ulikt alt for mange andre komponistar kunne Haydn gleda seg over at han ikkje var gløymt. Medaljar og æresutmerkingar strøymde inn, frå alle kantar av Europa.

Den 27. mars 1808 (Haydn sin 76. gebursdag) blei det heldt ein stor oppsetting av Skapinga til ære for han. Haydn blei rei til konsertlokalet i vogna til Esterháza-familien, og blei sett saman med høgadelen. Då han kom inn, ropa heile salen «lenge leva Haydn!» (ironisk nok blei konserten heldt fordi det var klart at Haydn neppe kom til å leva til å bli 77). Blant gjestane var fleire prominente komponistar, som Beethoven, Hummel, og Salieri. Denne konserten representerer på mange måtar høgda av populariteten til Haydn, etter dette skulle han bli relegert til å bli ein støttefigur for Mozart og Beethoven.

Dei siste dagane til Haydn var svært turbulente. Wien var under omleiring av styrkane til Napoleon. Dei siste orda vi kjenner Haydn sa var eit forsøk på å roa ned tenarane etter at ein kanonskot fall i nabolaget: «Frykt ikkje, mine born, for der Haydn er vil ingen skade henda.»

Haydn døydde den 31. mai 1809. Då Wien var okkupert, blei det fyrst berre heldt ein enkel gravferdsseremoni. To veker seinare blei det heldt ei større minnegudsteneste der ein spela Mozart sitt rekviem. Gravlegginga fekk eit bisart etterspel, då ein i 1820 fekk lov til å flytta kroppen til Eisenstadt. Då ein fekk opp kroppen, viste det seg at hovudet mangla. Ein klarte fort å spora opp dei skuldige. Motivet var å studere skallen etter prinsippa til frenologien, ei pseudovitskapleg retning som meinte at karakteristikkane til eit menneske var synlege i forma på skallen. Det lukkast ikkje å få denne attende før i 1954, 145 år etter at Haydn døydde.

Haydn, Mozart og Beethoven Haydn og Mozart blei kjende med kvarandre i åra 1783-1784, og trass i at dei knapt kunne ha vore meir forskjellige menneske, utvikla dei eit venskap basert på gjensidig respekt og vyrde for kvarandre sin musikk. Haydn skal ved eit høve ha sagt til Mozart sin far Leopold: «Eg seier til deg, med Gud som vitne og som ein ærleg mann, at sonen din er den største komponisten eg kjenner som person eller ved namn. Han har smak, og ein djuptgåande kjennskap til komposisjon». Mozart, som elles er kjend for å ha vore svært kritisk til andre komponistar, skal ha vore ein stor tilhengjar av verka til Haydn. Til dømes skal ein kommentator, under ei framsyning av ein ny strykekvartett av Haydn, kritisert mange punkt i verket. Ved ein detalj skal han ha sagt «det ville ikkje eg gjort», noko som skal ha fått det til å koke over for Mozart. Han skal ha svara: «Det ville ikkje eg heller. Men veit du kvifor? Fordi ingen av oss kunne ha funne på noko så passande!» Mozart sa og at det var ved å studere Haydn han læra seg å skriva strykekvartettar, og han tileigna seks (K387, K421, K428, K458, K464 og K465) av desse til Haydn. Det har elles vore hinta til at Mozart inviterte Haydn til å bli med i frimurarlosjen.