Zaječar (kyrillisk Зајечар, rumensk Zaiciar eller Zăiceari, bulgarsk Зайчар, Zaychar) er ein by og ein kommune aust i Serbia. Sjølve byen har vel 32 000 innbyggjarar, medan heile kommunen har om lag 48 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Zaječar og hovudbyen i regionen Timočka Krajina.
Historie
Zaječar vart først nemnd etter eit tyrkisk nederlag i 1466. På denne tida var det åtte familiar som budde her. Eit romersk keisarpalass, Felix Romuliana, frå 200-talet e.Kr., ligg like i nærleiken.
Romerske keisarar
Tre romerske keisarar vart fødd i det som i dag er kommunen Zaječar
Galerius regjerte 293-311 Maximinus regjerte 305-312 Licinius regjerte 308-324
Befolkningsutvikling
+ Historiske folketal År Folketal 1948 62 887 1953 64 907 1961 68 616 1971 73 147 1981 76 681 1991 72 763 2002 65 969 2011 59 461 2022 47 991
Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Zaječar 39 491 38 165 32 448 2 684 2 399 2 036 2 839 2 379 1 914 1 675 1 602 1 414 1 721 1 452 1 017
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zaječar» frå , den 23. mars 2009.
Referansar
Bakgrunnsstoff http://www.zajecar.info/ http://www.zajecarci.com
Kategori:Byar i regionen Sørlege og austlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Zaječar Kategori:Distriktet Zaječar