«Beast of Burden» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet deira Some Girls frå 1978. I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 435. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Inspirasjon og innspeling «Beast of burden», eller eit arbeidsdyr, er eit dyr som arbeidarar nyttar til å arbeide for seg, som ein okse elle rein hest. Musikken og ein del av teksten er i følgje omslag på samleplata Jump Back hovudsakleg skriven av Keith Richards.

Innspelinga av songen starta i oktober 1977 og var ferdig i desember same året. Det meste av songen var skriven før dei gjekk i studio, men ein del av tekste vart improvisert av Mick Jagger for tilpasse dei glatte gitarane til Richards og Ron Wood. Verken Richards eller Wood spelar rytmegitar eller sologitar, men begge går inn og ut av rolla og kompletterer kvarandre fullt ut. Som med fleire av songane på Some Girls er det berre bandmedlemmer som spelar på songan; både Richards og Wood spelar akustisk og elektrisk gitar, og Wood spelar soloen.Janovitz, Bill. The Rolling Stones «Beast of Burden». allmusic 2007.

Utgjeving Songen var den andre singelen frå albumet. Han nådde åttandeplass i USA. Konsertutgåver av songen finst som B-side til «Going to a Go-Go» og på konsertalbumet Live Licks..

Salslister Liste (1978)PlasseringU.S. Billboard Hot 1008US Cash Box7

Bette Midler-versjonen

I 1984 vart songen spelt inn av Bette Midler. Versjonen hennar nådde 71. plassen på Billboard's Hot 100, og fleire linjer i teksten vart endra. Songen kom òg ut på albumet No Frills.

Det vart laga ein musikkvideo der Milder og Mick Jagger snakkar i garderoben hennar, før ho kjem ut på scenen og framførar songen i lag med han. På slutten av songen kastar nokon ein pai på Jagger, og Midler ler fram til ho får ein pai på seg sjølv.

Innhald 7" Single Beast Of Burden 3:48 Come Back, Jimmy Dean 3:51

Salslister Vekeslister Liste (1984)PlasseringU.S. Billboard Hot 10071Australia (Kent Music Report)12Den tyske singellista15Nederlandsk Topp 40 Singles Chart10Den belgiske singellista15Svensktoppen2VG-lista2New Zealand Singles Chart4

Årslister Liste (1984)PlasseringAustralia (Kent Music Report)64

Andre utgåver Songen vart seinare spelt inn av Bette Midler, som hadde med seg Mick Jagger som gjestestjerne i musikkvideoen. Songen vart gjeven ut på albume thennar No Frills i 1983.

Bakgrunnsstoff Songteksten

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beast of Burden (song)» frå , den 24. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Bette Midler-songar 443 Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Songar om seksualitet Kategori:Rockeballadar