Nærøya kyrkje, òg kalla Nærøy gamle kyrkje, er ein overbygd kyrkjeruin på Nærøya i Nærøysund kommune i Trøndelag. Kyrkja er frå 1100-talet.
Kyrkja brann i 1847 og gjekk etter det ut or bruk og kyrkjestaden vart flytt frå Nærøya til Lundring der Lundring kyrkje vart ny soknekyrkje. Bygget stod so utan tak til sist på 1960-talet då frivillige syrgde for å gje henne skifertak.
Nærøya kyrkje har eit eige venelag som heiter Nærøykirkas venner.
Kyrkja ligg i Nærøy kyrkjesokn i Namdal prosti, ho låg i Nærøy prosti fram til 1. juli 2015 da det vart lagt ned og slått saman med Namdal.
Kjelder
«Støtte til Nærøykirkas Venner» i Namdalsavisa, publisert 30. oktober 2006 «Næræy først med reform» på nettstaden til Den norske kyrkja
Bakgrunnsstoff
Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Kyrkjer i Nærøysund Kategori:Kyrkjer i Namdal prosti Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kulturminne i Nærøysund Kategori:Valkyrkjer i 1814