Bugøyfjord er ei grend i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Ho ligg inst i Bugøyfjorden ved E6.
I eldre tider var staden ein marknadsplass der samar, finnar og nordmenn møtte kvarandre. Bugøyfjord blei brent ned av tyskarane da dei trekte seg ut av området hausten 1944 under den andre verdskrigen.
Det står eit monument av den samiske kunstnaren John Savio, som var frå grenda, her. Monumentet vart laga av bilethoggaren Tore Engen og reist i 2004.
Kjelder
Kategori:Bygder i Finnmark Kategori:Geografi i Sør-Varanger