Mikhail Vasiljevitsj Nesterov () var ein russisk kunstmålar, medlem av Peredvizjnikij-gruppa. Han var ein leiande representant for den religiøse symbolismen i russisk målarkunst.

Liv og virke mini|venstre|Den unge Bartolomeus sitt syn, 1890 mini|Leo Tolstoj, 1907 mini|venstre|Solovki, 1917 Nesterov var fødd i Ufa, han voks opp i ein kjøpmannsfamilie der i byen. Allereie under ei vitjing på gymnaset i Ufa tok han til å måle. Etter å ha avslutta gymnaset i 1874 reiste han til Moskva for å ta til ved ein allmennfagleg høgskule.

Landskapsmålar

Frå 1877 til 1881 og på nytt i åra frå 1884 til 1886 studerte han ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Her var han elev hos Vasilij Perov, Aleksej Savrasov og Illarion Prjanisjnikov. I mellomperioden 1881-1884 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi, med Pavel Tsjistjakov til lærar.

Frå 1889 deltok Nesterov i aktivitetane til Peredvizjnikij, medlem av denne rørsla vart han i 1896. I sine tidlege år som kunstnar vart han av alle oppfatta som landskapsmålar.

Religiøs symbolist og portrettmålar Med åra tiltok mengda av religiøse motiv i Nesterovs verk, noko som førte til at han kom i konflikt med Peredvizjnikij. Måleriet Den unge Bartolomeus sitt syn frå 1890 vert rekna for å ha innleia symbolismen i russisk målarkunst. Biletet skildrar omvendinga av den russiske mellomalder-helgenen Sergej Radonezjskij.

I tidsrommet mellom 1890 og 1910 levde og arbeidde Nesterov for det meste i Kiev eller i St. Petersburg. Desse åra skapte han og arbeidde han etter tur med freskomåleria i Volodymyrskatedralen i Kiev og med mosaikken i Oppstodekyrkja i St. Petersburg. Seinare var han oppteken med ikonmåling. Han busette seg då i Moskva.

Etter oktoberrevolusjonen, som han som ortodoks kristen var motstandar av, måla Nesterov hovudsakleg portrett. Han portretterte ei heil rekke av personlegdomar innan kultur og vitskap.

Nesterov døydde i 1942 i Moskva. Størstedelen av verka hans er i dag i Det russiske museet, samt i Tretjakovgalleriet. Nokre måleri er i privat eige.

Eit utval verk Einebuaren (Пустынник) (1889) Den unge Bartolomeus sitt syn (Видение отроку Варфоломею) (1890) Kristi brud (1897) Portrett av E. P. Nesterova (Е. П. Нестерова) (1905) Det heilage Russland (Святая Русь) (1906) Haustlandskap (1906) Filosofane (Философы) (1917) Portrett av Ivan Pavlov (1935)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mikhail Nesterov» frå , den 29. mars 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske målarar Kategori:Peredvizjniki