Vansbro kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fem andre kommunar i Dalarnas län, Mora kommun i nord, Leksands kommun i nordaust, Gagnefs kommun i aust, Ludvika kommun i sør og Malung-Sälens kommun i vest. I tillegg grensar han til Filipstads kommun i Värmlands län i sørvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Vansbro.

Vansbro kommun har eit kupert og skogkledd landskap med mykje myrmark. Västerdalälven renn gjennom kommunen, som er ein jord- og skogbrukskommune.

Administrativ historikk Dei tre kommunane Järna, Nås og Äppelbo vart ikkje påverka av den fyrste landsomfattande kommunereforma i 1952, men heldt i staden fram som eigne kommunar til den andre kommunereforma i 1971. Då vart dei slått saman til Vansbro kommun, med namn etter administrasjonssenteret Vansbro (som var municipalsamhälle frå 1911 til 1960).

Kommunevåpenet Blasonering: På blå bakgrunn, ei øks og eit sverd i kross, med eit jernmerke i den øvre krossvinkelen, alt i gull..«I blått fält en yxa och ett svärd i kors, i övre korsvinkeln åtföljda av ett järnmärke, allt av guld.».

Alle dei tre tidlegare einingane som i 1971 oppretta kommunen hadde, som mange andre i Dalarna, eigne heraldiske våpen. Ein valde i byrjinga å bruke alle tre med eit blått band som bakgrunn. I 1986 vart det noverande våpenet registrert i Patent- och registreringsverket. Det inneheld element frå alle dei tre tidlegare våpena.

Tettstader Det er fire tettstader i Vansbro kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal 1. Vansbro 2 030 2. Järna 1 429 3. Nås 455 4. Äppelbo 261

Kjelder Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Vansbro kommun» på Wikipedia på svensk. «Vansbro – kommune» på Store Norske Leksikon.

Fotnote

Kategori:Kommunar i Dalarnas län