Lomnický štít er ein av dei høgaste og mest vitja fjelltoppane i Høge Tatra i Slovakia. Det går ein taubane opp til toppen på 2634 meter over havet, som gjer fjellet til det nest høgaste i Høge Tatra etter Gerlachovský štít.

Den første kjende klatringa vart gjort av den lokale skomakaren og amatørgruvearbeidaren Štefan Fábry rundt 1760-1790, medan dei første skriftlege kjeldene frå ein tur til toppen vart gjort av den engelske reisande Robert Townson med ein guide den 16. august 1793. Han måte høgda til 2633 meter over havet. Den første vinterklatringa vart gjort i 1891. mini|venstre|Frå venstre: Lomnický štít, Vidlové veže, Kežmarský štít og Malý Kežmarský štít, sett frå Skalnaté pleso observatorium Tidlegare vart Lomnický štít kalla Dedo («Bestefar»). Før 1800-talet trudde ein òg at fjellet var det høgaste i heile Tatrafjella.

Sidan 1940 har turistar kunne dra til toppen med ein taubane, som var den mest moderne i Europa då han opna. Ein har berre lov å vere på toppen i 50 minuttar. Det er òg mogeleg å gå til toppen, men berre med i lag med ein guide.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lomnický štít» frå , den 3. april 2009. oppgav desse kjeldene: http://www.vysoketatry.com/ciele/lstit/en.html

Kategori:Fjell i Slovakia Kategori:Fjell i Karpatane