Topľa er ei elv aust i Slovakia og ei sideelv til Ondava frå høgre. Ho er 129,8 km lang og nedslagsfeltet hennar dekkjer eit område på 1503 km². Ho spring ut frå Čergovfjella og renn gjennom Ondavahøglandet, Beskidisk Piemonte, Dei austslovakiske åsane og Den austslovakiske sletta, før ho munnar ut i Ondava i Parchovany. Ho renn gjennom byane Bardejov, Giraltovce, Hanušovce nad Topľou og Vranov nad Topľou.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Topľa» frå , den 4. april 2009.

Topla