Norsk Barneblad er eit blad for barn på nynorsk. Det vart skipa i 1887 og er blant dei eldste barneblada i verda som endå kjem ut. Bladet kjem ut 12 gonger i året og inneheld artiklar, teikneseriar og lesarstoff.

Bladet vart skipa av Kristen Stalleland, ein 26 år gammal student, og kom opphavleg ut i Grimstad. Frå byrjinga i 1887 vart det kalla Sysvorti og hadde 36 abonnentar. Det vart omdøypt til Norskt Barneblad i 1891 og vart gjeve ut i Oslo frå 1902. Sysvorti (eller svarttrosten) er framleis i bruk som maskot i bladet. Ein annan figur tilknytt Norsk Barneblad er teikneseriefiguren Smørbukk, som har vore på baksida av bladet sidan 1938.

Gjennom tidene har bladet hatt redaktørar som Rasmus Løland, Bernt Støylen, Peter Hognestad, Klaus Sletten, Andreas Haavoll og Johannes Farestveit og redaksjonssekretærar som Inger Hagerup, Øyvind Dybvad, Herbjørn Sørebø og Øystein Rosse. Halldis Moren Vesaas «debuterte» då ho som tiåring skreiv inn til Norsk Barneblad i 1918, medan kunstnaren Per Kleiva vann ein teiknekonkurranse det hadde i 1947, då han var tretten.

Bladet vert gjeve ut av Samyrkelaget Norsk Barneblad, med organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Bondeungdomslaget i Oslo, Norsk Måldyrkingslag og Nynorsk kultursentrum som medlemer. Norsk Barneblad gjev òg ut julehefta Juletre, Tuss og Troll og Smørbukk, dei to siste i samarbeid med Egmont Serieforlaget.

Nana Rise-Lynum er bladstyrar sidan 1999, og Vidar Lund er styreleiar.

Bladet vart gjeve ut i Grimstad frå 1887 til 1902, i Oslo frå 1902 til 1964, i Larvik frå 1964 til 1991, og deretter i Oslo.

Redaktørar 1887-1894: Grunnleggjaren, Kristen Stalleland 1895-1898: Kristian O. Nordlid 1898-1902: Kristen Stalleland 1902-1907: Rasmus Løland. Bernt Støylen medredaktør 1905 1908-1916: Peter Hognestad, Klaus Sletten og Bernt Støylen 1916-1956: Andreas Haavoll. Medredaktørar Arne Falk 1916-1918 og Øyvind Dybvad 1949-1954 1956-1979: Johannes Farestveit. Vikar 1962: Herbjørn Sørebø. Medredaktør 1978-1979 Sigbjørn Heie 1979-1980: Adrian Skogmo 1981-1983: Jostein Krokvik 1983-1991: Olav Norheim 1991-1999: Gard Espeland 1999-: Nana Rise-Lynum

Kjelder

«Historia til Norsk Barneblad» ved barneblad.no Norsk Barneblad til alle 5.-klassingar i Bø ved bo.nynorsk.no

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske barneblad Kategori:Nynorske tidsskrift Kategori:Publikasjonar skipa i 1887 Kategori:1887 i Noreg Kategori:Norske månadstidsskrift